twitter er min nye leikeplass

eg har gått hen og vorte hekta på twitter. har mest blitt ein sport å prøve å skrive fine, poetiske setningar på maks hundreogførti teikn. det er kjekt og tek ikkje så mykje tid som blogging. og så er det så mange fine folk å følje, som òg skriv slike fine, drøymande ord som eg likar så godt - ein fin stad for inspirasjon, altså. men eg tenkte at eg skulle leggje ut noko av kvittringa mi her, for dei som ikkje har twitter-konto, og har forvilla seg inn her. så versågod:














å sitje på altanen og la dråpane treffe dei bare føtene og kjenne denne songen stikke i hjarta

du ser ut som du er kjærasten til elvis

det sa systera mi på sju år til meg idag og det er nok det finaste komplementet eg har fått på ei stund.









translation:

today my sister (aged seven) said that i look like i'm elvis' girlfriend. that's the loveliest thing anyone has said to me in a while.

kvardagssmil

Beatles George Harrison in 1970

når han som liknar litt på george harrison, med langt hår, skjegg og bart, svart fløyelsjakke og svarte slengbukser kjem innom butikken der eg jobbar og smiler så snill-fint til meg.

 

old twin ladies

når to gamle damer kjem i køen og kjøper akkurat dei same kleda. og er søte i raud og kvit VG-caps som sikkert er frå '85.


translation:

i smile..

..when the man that looks like george harrison with long hair, a beard and mustache, a black velvet blazer and black bell bottom trousers comes into the shop where i work and smiles so kindly at me.

..when two old ladies are getting the exact same pieces of clothing. and oh, so sweet they were!

velkommen inn i mitt kamera

i fotoklassen i london lærte vi om camera obscura og om abe morell, ein kunstnar som syslar med dette. det starta med at han ville forklare fotoelevane sine korleis eit kamera fungera sånn heilt fysisk. han gjorde liksågodt klasserommet om til ein slags kamera. og dette har han drive på med sidan.

ein treng eit rom med eit vindage. så dekkjer ein til vindauget med bossekkar så det vert heilt lystett (ein treng meir enn eitt lag). fest bossekkane med svart elektrikertape. så lagar ein eit lite hol i dekket, kanskje to cm breidt, med ein tapetkniv e.l. no gjenstår det berre å slå av lyset og la augene vende seg til det i minst eit minutt, så får ein til si store forbløffing sjå eit bilete av utsikta frå vindauget opp ned på den motsette veggen. magisk!


tre, buskar, sjø og nabohuset på soverommsveggen/taket mitt.



hello there.



berg og buskar i taket.

for at de ikkje skal verte skuffa må eg sei at det ikkje vert så sterke fargar og så klart når ein ser det med det blåtte auge. fargane og detaljane kjem skikkeleg fram når ein tek bilete av det (med lang lukkertid, eg bruka 20 sek). men ein kan sjå det ganske godt sjølv og. det vert hysterisk morosamt om du lagar det ein plass nokon kan gå utanfor. ting i røyrsle gjer at ein òg ser omgivnadane betre.

la magien starte.




translation:

I've mada a camera obscura in my bedroom. got really inspired when i discovered abe morell and wanted to try it out. do it yourself! cover the windows in a room with black garbage bags until it does not let in any light. use black tape to stick it. then make a small hole in the cover with a knife/scissors, turn off the light and be amazed! (the colours and details won't be as strong as in the photos - you see it better when you take a picture of it. but it is wonderfully magic!



eg har tapetsert

i dag då eg var på hobbybutikk med kjære rebekka fann eg desse fine serviettane



dei tenkte eg kunne passe fint til ein bakgrunn på bloggen min. i tillegg til sundagsfrukostar, kaffistunder og piknikar under store tre. så eg tok bilete av ein serviett og laga eit utsnitt i eit redigeringsprogram slik at mønsteret passar saman både nedover og bortover, noko som var vanskelegare enn ein skulle tru, og så fiksa eg og ordna litt på fargar og lys og slikt.

og tada! så ser bloggen min slik ut. foreløpig.

 


translation:

my new background is made out of napkins i got when i went to a art supply store with lovely rebekka today. they are also perfect for picnic, sunday breakfast and tea time.

når tankane hoppar paradis i hovudet

det er noko med desse lyse sommarnettene når ein ligg vaken i senga fordi tankane hoppar paradis i hovudet, hjarta svever av heliumdraumar og kroppen lir av etterskjelv frå seine kaffikoppar. så vert ein liggjande slik på ryggjen med vidopne auge som makrellskyene speglar seg i gjennom vindauget og høyre tankane sine leikande steg, somme gonger avbrutt av dei heimlege måseskrika, heilt til augnelokka til slutt må gi etter for tyngdekrafta.


slike kveldar likar eg å setje meg i vindaugskarmen og sjå på skyene.

skyer er på lista mi over ting eg finn ekstremt fascinerande. saman med for eksempel telefaksimile og røntgen.

 

laurdagsgodt

to fine laurdagsoverraskingar låg og venta på meg i e-postkassen min då eg kom heim frå jobb i dag.

overrasking #1:

Roehampton University, London

eg har fått plass på film & kreativ skrivning på roehampton university i london. åh, gurimalla kor spanande! der får eg lære både teoretisk, men mest praktisk om film i tillegg til kreativ skriving. og så kan ein berre gå rett ut universitetsdøra og inn i richmond park der eg og karoline var på piknik ein gong i vår. det er så fantastisk nydeleg der! mest som i ei anna verd. og så er det masse hjort og ekkorn der. og grøne fuglar.

overrasking #2: 

eg fekk òg ein mail frå roehampton om at eg hadde gjort meg fortent til eit aldri så lite stipend frå dei om eg byrja der. dei ville investere i framtida mi, sa dei. kjem dei til å krevje tilbake når eg vert ein verdskjend forfattar og filmskapar? eg tek sjansen, tenkjer eg. 

hurra!

kven/kva har overraska deg i det siste?

 


translation:

today's pleasing surprises: i got accepted to roehampton university and also recieved a scholarship from them! hurray!

anyone or anything that surprised you lately?

fordunkla av skyer

i dag då eg tok bussen til jobb oppdaga eg at bussturen heimifrå og til arbeidsplassen min tek akkurat ei gjennomspeling av pink floyd sitt deilige album obscured by clouds. særs convenient (kva er forresten det beste nynorsk-ordet for dette?). hjarta mitt dansa mellom bussetene.

her har du ein song, med ein heller merkverdig tittel, frå dette albumet. den høyres ut som ein sommarkveld som opnar seg usedvanleg langt inn i natta for å romme alle minna som vert skapa rundtom på altanar og svaberg.




translation:

today i discovered that my bus ride to work takes just as long time as listening through pink floyd's album obscured by clouds. very convenient indeed. my heart was dancing in between the bus seats.

I added a song from this album which sounds like a long summer night full of memories. enjoy!

 

eit fint bilete og litt gibberish

då eg og syster mi var i naustet på sundag tok eg dette biletet som eg tykkjer vart ganske fint. syster mi har to føflekkar på ryggen. eg har mange fleire, men ynskjer eg hadde tusen frekner i andletet. på armane. ryggen. beina. slik at eg hadde sett litt ut som melkevegen. det hadde vore fint trur eg.




translation:

I am quite happy about this picture I took of my sister, and I wish I had a thousand freckles all over my body. that way I would look a bit like the milky way. I think that would've been wonderful.

 

Les mer i arkivet » August 2011 » Juli 2011 » Juni 2011
hits